Ein av dei store utfordringane med å skrive om Hulda Garborg kvar dag i "Eitt år med Hulda Garborg" er at mange av breva hennar framleis ikkje er transkriberte frå Nasjonalbibliotekets handskrivne originalar. (Hadde ikkje dette vore ei skandale dersom det hadde vore tilfelle for ein mannleg forfattar av Huldas rang? Det same gjeld for Camilla Collett, men sidan ho skreiv så mange brev, og Nasjonalbiblioteket har eit pågåande prosjekt, valde eg å ikkje transkribere dei resterande sjølv.)
No, i 2025, må eg til pers og gjer nokre førebuingar. Korleis var Huldas handskrift? Er ho like utfordrande å tolke som Camilla Collett si? På nettsida til Nasjonalbiblioteket finn eg informasjon om programmet Transkribus, som Nasjonalbiblioteket nyttar til maskinassistert handskriftsgjenkjenning.
Sjekk her: Transkribus. Nasjonalbiblioteket har utvikla modellen NorHand 1820-1940, som er ope tilgjengeleg for alle. For å jobbe med materiale frå NB i Transkribus har dei laga ein app (merk: appen krev innlogging, ta kontakt med oss for tilgang). Brukarar må opprette ein brukarkonto i Transkribus. Ta kontakt med dh-lab@nb.no ved behov for rettleiing.
Dette skal eg gå i gang med no!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar