I 2025 inviterer vi deg til å følgje Hulda kvar dag i Facebook-prosjektet “Eit år med Hulda Garborg”! Eg finn fram aktuelle tekstar, artiklar og brev, dag for dag, og kommenterer dei med innsikt og kjærleik til emnet. Her får du moglegheita til å bli kjend med Hulda si verd, slik ho levde den, akkurat på denne datoen. Ei viktig kjelde blir Arnhild Johanna Skres fabelaktige biografi om Hulda Garborg frå 2011, i tillegg til Huldas eigne titlar og brev frå Nasjonalbiblioteket.
Følg med på denne sida for daglege oppdateringar og innsikt i Hulda sitt fascinerande liv. Del gjerne vidare med vener, familie og andre som er opptekne av norsk kultur og historie. Lat oss saman oppdage, heidre og inspirerast av Hulda Garborg – ei kvinne som aldri slutta å skape, drøyme og kjempe!
Takk:
Nasjonalt Garborgsenter
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar