Skuggar frå fortida
Alle familiar har sine løynehistorier – historier som ofte blir halde tilbake, men som likevel pregar oss. Eg skriv litt om mi familiehistorie i dag, fordi eg trur på openheit, og fordi vi i vår tid ser sterke autoritære straumdrag som det er viktig å reflektere over.
I mi (Birgittes) familie var farfars bror, Arthur, ein ung mann som i si tid meldte seg inn i NS og reiste som soldat i tysk teneste til austfronten. Han døydde der i 1944. Tapet var eit stort slag for familien på Kleivset, ei sorg som prega søskena og foreldra djupt. Men det var ei tid då slike ting ofte ikkje blei snakka om – skamma og sorga blei tigde i hel.Namnet Arthur
Fleire år seinare fekk namnet Arthur ein ny plass i familien då far min blei fødd og fekk dette namnet. Han oppdaga først historia om sin forsvunne onkel som vaksen, då han som nyutdanna elektrikar møtte eldre menneske som kjente til fortida i dei indre bygder av Kristiansand.
Namnet kunne nok vere utfordrande å bere i enkelte situasjonar, men det var også ein måte for familien å finne meining i det som hadde skjedd. Ei ny generasjon skulle få leve vidare med andre val og nye moglegheiter.
Hulda Garborg og autoritære straumdrag
Historier som denne gjer at eg også tenkjer på Hulda Garborg, som var ein del av si tids nasjonale rørsle – ei rørsle som seinare blei splitta av politiske spenningar. På denne datoen i 1925 blei “Fedrelandslaget” stifta, eit lag som seinare støtta Vidkun Quisling.
Hulda var til stades på eit av Quislings foredrag i 1933 og noterte i dagboka si:
“I går held da Quisling sitt foredrag (...) Veret strålande, likevel langt fra tusen menneskje. Det var venta 2-3000 minst. Foredraget var i røyndi berre ei lang innleiding til et foredrag. Programme for det nye partiet (NS) fekk me ikkje. Berre ord, ord. Men Quisling sjølv var ein sympatisk person (...) Det vart seld nokre små hakekors-knappar til feste på jakke-uppslagi for mannfolk.”
Ein nasjon i splid
Forfattar og biograf Arnhild Skre skriv godt og grundig i si biografi om korleis Hulda reflekterte over dette. Ho omtaler også naboane deira, Erik og Katrine Lie, som kom på besøk saman med sonen sin for å agitere for Quisling:
“Dei var ‘alle tri heilt Hitler-galne.’”
(Arnhild Johanna Skre, Hulda Garborg: Nasjonal strateg, 2011:574)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar