20250601

Kva skjer når ein gjeng superrike tech-bros låser seg inne i ein villa midt under ein global økonomisk og politisk krise?


Du får Mountainhead – Jesse Armstrongs sylskarpe, klaustrofobiske og sylironiske HBO-film, der fire styrtrike menn med makt og usikkerheit sakte men sikkert prøver å ta livet av kvarandre. Bokstaveleg talt.

Dette er Armstrongs regidebut, men stilen kjenner vi godt att frå Succession: menn som snakkar forbi kvarandre, skjelv bak fasaden og sprekk i det stille. Steve Carell spelar den nevrotiske milliardæren Randall, flankert av Jason Schwartzman, Cory Michael Smith og Ramy Youssef – alle som ulike variantar av same sort mann: dei som aldri har blitt motsagt nok i livet.

Mountainhead er ein moderne versjon av Platons Symposion – det klassiske greske drikkelaget der menn låg henslengt, drakk vin, snakka om kjærleik og styrte verda, medan kvinnene... ja, dei fanst knapt, med mindre dei spelte fløyte eller var hetærar. Filosofien var maskulin, og heile opplegget eit maktspel i silketunika.

Og kven var det som enda opp med å døy etter desse samtalane? Sokrates. I ettertid framstilt som ein edel martyr for sanninga, men dømd av sine eigne – for å forderve ungdommen og for å tru på "feil" gudar. Han blei tvinga til å drikke gift. I Platons tekst sit han roleg og tek imot begeret. I Mountainhead er det ikkje gift i koppen, men eit mjukare, meir psykologisk drap – langsamt, brutalt og sosialt akseptert. For kva gjer mektige menn når dei kjenner på skam, tomleik og mangel på kontroll? Dei rettar blikket utover – og knivane mot kvarandre.

Filmen er spelt inn på fem veker i éi luksusvilla i Utah. Kameraet slepper oss aldri ut. Det er som å vere fanga i eit glasakvarium med fire alfahannar og ein sprekk i veggen som berre veks. Dette er ikkje berre satire – det er eit symposion-katastrofeverk i samtidsspegelen. Elon Musk, Peter Thiel, Zuckerberg & co kunne vore statistar her. Det er berre sveisen som manglar. For meg er Mountainhead er ei studie i kva som skjer når menn nektar å snakke sant med kvarandre – og med seg sjølve. Det er nesten ingen kvinner i rommet, men fråværet skrik. Hadde dette vore eit kvinnefellesskap, ville dei neppe prøvd å drepe kvarandre. Dei ville berre gått ut og funne ein betre samtale.

Så ja – Mountainhead gjer vondt. Den stikk. Den er ubehageleg. Men filmen er smart, og skarp, og for meg avslører den kva som skjer når patriarkatet låser dørene og set vinen på bordet: Nokon må døy for at maska skal halde.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar