I år blir det "Jol med Ivar Aasen" – ein digital førjulsserie med små tekstar henta frå Ivar Aasens dagbøker, brev og samtidige kjelder. Frå 1.–24. desember vil eg kvar dag dele ei “luke” med korte glimt inn i livet til mennesket Ivar Aasen – med humor, sansingar, reiser og ettertanke.
Dette er ein pilot i samband med det komande prosjektet "Eit år med Ivar Aasen" (2026). Serien vil bli delt på sosiale medium og avslutta med ei lita open opplesing i Kristiansand i romjula. Dersom nokon har bilete, tips, faglege innspel eller andre forslag de meiner kan vere fine å inkludere – meld meg gjerne!
Og – som ei lita helsing frå Sørlandet: Ein garasje i nabolaget her i Kristiansand minner oss dagleg på Aasen sitt tidlause vers:
Til lags åt alle kan ingen gjera; det er no gamalt og vil so vera.
Eg gler meg til å dele Aasen i adventstida, og vonar fleire vil vere med og spreie ordet.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar