29. november kjem boka Eit år med Hulda Garborg (kr 299) i bokhandel. Dette er ei bok eg har arbeidd med lenge – eit år i Huldas liv, dag for dag, der dagbøker, brev og aviser får møte vår tid. Ei bok om arbeid, draumar, kvinnekamp og kvardagsliv. Ei bok om å vere synleg – og om prisen som kan ligge i det.
Men: Før boka ligg i hyllene, kan du bestille eit signert eksemplar direkte. Slik bestiller du signert bok:
Vel boka/lenka: Eit år med Hulda Garborg
Skriv gjerne i skrivefeltet om du vil ha ei personleg helsing
Bestill med å skrive navn og adresse og "send."
Eg signerer – pakkar – og sender heim til deg før lansering
Dette er ei fin gåve til nokon du kjenner som er glad i litteratur, kvinnehistorie, bunad, folkekultur – eller rett og slett gode forteljingar frå livet som det faktisk var levd. Eller til deg sjølv, sjølvsagt.
Eg gler meg stort til å dele denne boka med dykk.
Med varm helsing, Birgitte

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar