I 1898 ga Arne Garborg ut Utvalde lesestykke i bygdemaal, ei samling tekstar skriven på ulike norske dialektar. Det var eit pedagogisk og kulturpolitisk prosjekt på ein gong; ei handsrekking til dei som ville lese og skrive på sitt eige mål, og eit argument i seg sjølv: sjå kor rikt, sjå kor mangfaldig, sjå kor levande dette språket er.
Eitt av stykkja i samlinga heiter «Turistann.» og er skriven på Reinbu-mål. Her møter vi Berit og Ane Gjetberja i ein kvardagsleg samtale om turistar og framande folk som kjem til bygda. Berit er skeptisk: «Dæ fær no vel saa my overhet uti maarkom isommaar, høres dæ for; sjer 'okk no' te dæ dokk?» (7:1898). Det er ein heilt vanleg replikk mellom to kvinner; og likevel eit lite kunstverk av autentisitet og presisjon. Arne fangar tona, rytmen og humoren i kvardagsspråket utan å gjere det til folklore eller staffasje.
Samtalen utviklar seg til ei lystig skildring av korleis turistane oppfører seg; dei vil ha mjølk, kaffi og mat, og karakteren Simen Aas har funne ut at det løner seg: «du kan ben gang utpaa sætra vaar, ska 'u faa mjølk, saa my du vil att» (Ibid.) Det er eit glimt av ei tid då turisttrafikken byrja å prege bygde-Noreg, sett frå innsida – med mild ironi og varm humor.
På dei neste sidene blir det argumentera for kvifor bygdemålet må skrivast ned og takast vare på. Simen er overtydd: «om enge haur te Medala held Renn'buom» (1898:9,) og han viser til Folketienna som eit døme på at folk faktisk les og bryr seg. Arne let dei "vanlege menneska" tale for sin eigen kultur, utan å løfte dei opp på ein pidestall eller gjere dei til symbol. Dei er berre seg sjølve; og det er nok.
Arne ville at folk skulle kjenne seg att i det skrivne ordet; at avstanden mellom talespråk og skriftspråk ikkje skulle vere så stor at det vart framandt. «Aa attmæ der ha 'n i bok, som 'en sat aa skrev op ti» (Ibid.), seies det; og der ligg heile tanken: det som er skrive ned, høyrer til. Det er ditt. Det er oss.
Slik sette Garborg ord på noko mange kjende, men ikkje hadde ord for. Og han gav dei orda – på deira eige mål. Heile livet kjempa han for at nynorsken, landsmålet, bygdemålet, skulle ha ein sjølvsagd plass i det norske kulturlivet. Og han gjorde det ikkje berre gjennom store prinsipielle fråsegnerhan gjorde det gjennom å skrive, samle og spreie tekstar som viste at bygdemålet var eit levande, nyansert og litterært språk.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar