Har det nokon gong blitt gjeve ut fleire papirbøker i verda enn no? Eg trur faktisk ikkje det; trass i digitaliseringa. Som ung kunststudent ved Universitetet i Bergen lærte eg å sy mine eigne bøker, lage permar og binde arka saman til ein heilskap. Eg lærte at boka er eit rom. Bøker er viktige. Samlingar er viktige. Antologiar er viktige. Også bøker som rommar andre bøker, dikt og forfattarskap, er viktige. Dei samlar det spreidde, skaper samband og lyfter fram røyster som elles kan forsvinne i mengda.
Ein av dei viktigaste poetane i Noreg har gjennom meir enn eit halvt hundreår vore knytt til eit av dei største forlaga i landet, Gyldendal. Forfattarskapen hens har gjeve forlaget bøker å selje, men også noko som ikkje like enkelt kan målast i salstal: kulturell kapital, prestisje og ein sentral plass i norsk litteraturhistorie. Forlaget framhevar framleis det lange og innverknadsrike virket til poeten. Det omtalar hen som ein forfattar som har gjort poesien tilgjengeleg og kjend langt utanfor den smale krinsen av lyrikklesarar. Så seint som ganske nyleg gav forlaget ut ei bok av hen. Då den no snart 90 år gamle forfattaren kom med eit nytt bokprosjekt, var svaret likevel nei.
Manuset blei refusert. Det er lov. Eit forlag må sjølvsagt kunne avslå bøker; også når dei er skrivne av kjende og høgt meritterte forfattarar. Ein lang forfattarskap kan ikkje innebere ein automatisk og livsvarig rett til utgjeving. Alder er heller ingen kvalitetsgaranti.
Men eit forlag er ikkje berre ein butikk. Eller? Eit forlag skal tene nasjonen. Det skal forvalte litteraturhistorie, forfattarskapar, relasjonar og kontinuitet; med skattebetalt frådrag for meirverdiavgift. Når eit stort forlag gjennom fleire tiår har kunna smykke katalogane sine med namnet til ein av dei fremste poetane våre, er det rimeleg å spørje om det også følgjer eit ansvar med denne historia.
Kva tyder lojalitet i den norske forlagsbransjen? For meg handlar dette om forståinga av kva eit stort kulturforlag er og bør vere. Enkelte bøker kan ikkje vurderast utelukkande ut frå forventa salstal, lanseringsvindauge og prognosane til marknadsavdelinga. Nokre utgjevingar inngår i ein større forfattarskap og i ein litterær samanheng som forlaget sjølv har vore med på å byggje. Då bør også heilskapen telje.
Ei diktardronning eller ein diktarkonge gjer som monarkar flest: Hen arbeider livet ut. Hen held fram med å lese, presentere og lyfte fram andre forfattarar. Det nye bokprosjektet er nettopp eit resultat av mange års arbeid med dikta og tekstane til andre. Det viser ein forfattar som framleis bruker sin eigen posisjon til å gje plass til litteraturen; og særleg til andre diktarar. Hen har gjort formidling til ein kunstart. Hen har skapt og skapar enno nye lesarar. Likevel blei døra til forlaget – den litterære heimen; slengt igjen. Det er lov å gjere det. Men det må vere lov for oss lesarar å bli forbanna. Er det no "vaneloge folk" som driv små einpersonforlag, som skal vere heim for diktardronningar og diktarkongar når den store bokbransjen ikkje ser at dette er bøker som bør gis ut?
Dikta finst. Boka kan kjøpast. Lesarane kan sjølve avgjere om det store forlaget vurderte rett. Difor er det heller ikkje forfattaren eg synest synd på. Hen har ein stor og varig forfattarskap bak seg. Den nye boka er ute, og plassen hens i norsk litteraturhistorie står ikkje og fell med eitt enkelt avslag. Det er forlaget og landet vårt som står fram som fattigare.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar