Det er fem år sidan «Protest mot Protestfestivalen», der stortingspolitikar Kari Henriksen (Ap) og fleire andre feministar på Sørlandet etterlyste fleire kvinner i festivalpanelet. (Nei, dette var ikkje i 1820 – men i 2020!) Vi peika den gongen på at Protestfestivalen bidrog til den lange rekkja av usynleggjering av kvinner som samfunnskritikarar og likeverdige aktørar. Festivalen gjorde i praksis det motsette av det han sjølv påstår: å ikkje vera kjønna.
No, fem år seinare, ser vi at årets program faktisk har debattar om kvinnehelse – og at minst éin tredel av paneldeltakarane er kvinner. Hurra for det!
Likevel minner denne historia oss om at utvikling ikkje kjem av seg sjølv. Kvar generasjon må halde oppe merksemda og stille krav til representasjon og mangfald. For sjølv om ein tredel kvinner er eit steg i rett retning, bør vi ikkje slå oss til ro før kvinnelege røyster – på lik line med mannsrøyster – blir rekna som sjølvsagde i alle samfunnsdebattar.
No, fem år seinare, ser vi at årets program faktisk har debattar om kvinnehelse – og at minst éin tredel av paneldeltakarane er kvinner. Hurra for det!

Skjermdumper frå NRK og Fædrelandsvennen
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar