Eg har vore djupt inne i Hulda Garborg sine haustdagar på garden Lø ved Stenkjer – og vil berre dele eit lite funn med dykk, som eg trur fleire Hulda-entusiastar vil ha glede av.
Hulda og den australske komponisten
Det er oktober 1913. Hulda sit att i det blå gjesteværelset på garden Lø, etter reisa frå Trondheim saman med den kjende australske komponisten Percy Grainger – ein god ven av ekteparet Nina og Edvard Grieg.
Hulda skriv varmt om Percy – ein “prægtig fyr, varm og interesseret og anderledes end vanlig moderne kunstner-ungdom”. Han minner henne om Tuften: viljesterk, sjølvstendig, full av overtyding.
I følgje Hulda drøymer hennar nye ven om å slå seg ned på New Zealand, blant “naturlege menneskjer”, med islandsk litteratur og ein lærebok i maori i bagasjen. Hulda er fascinert, men skeptisk: “Men bo overhode?” spør ho. Ho får rett – han vart aldri verande lenge nokon stad.
Seinare buset Grainger seg i København, og det er der han skriv fleire av dei mest kjende verka sine – mellom anna melodien som ligg til grunn for “Lisa gikk til skolen”.
Filmen
Passion (1999)
Frå dagens forskarøkt i Kristiansand kjem eit lite tips: Filmen Passion (1999), om komponisten Percy Grainger, er verkeleg verdt å sjå – og ligg faktisk ute på YouTube.
Filmen skildrar ikkje berre musikken og reiselysta hans, men òg dei meir samansette – og for mange overraskande – sidene ved privatlivet hans. Grainger dokumenterte sjølv desse i brev og dagbøker, mellom anna sado-masochistiske trekk som i filmen vert handsama med eit kunstnarisk og psykologisk blikk.
Dette er ikkje gjort for effekt, men som eit forsøk på å forstå korleis liv og kunst hang saman.
Kvinnelege pianistar spelar ei viktig rolle her, og eg kjem ikkje utanom å tenkje på både den nyzealandske filmen The Piano (1993) og på Hulda og Arne Garborg sin gode ven, pianisten Erika Nissen.
Seksualitet og skaparkraft
Biograf Arnhild Johanna Skre har skrive klokt om kva vi veit – og ikkje veit – om Arne og Hulda Garborg sitt seksualliv. I det perspektivet er Passion også eit interessant studie: korleis kunstnarar let det personlege og det kroppslege prege både skaparkraft og livsfilosofi.
Så – om nokon av dykk, kjære Hulda-entusiastar, ikkje har sett Passion enno – gjer det!
Gode helsingar frå meg (og nabogarasjen på Grim i Kristiansand!) 🌾🧡🍂
📜 Dagens Hulda-tekst:

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar