Vi seier at vi «håpar på noko» – og i det ligg eit lite innsyn i korleis vi mennesker vil forstå verda. Preposisjonen på handlar eigentleg om noko konkret, noko som kviler oppå noko anna. Men i håpet blir denne rørsla forvandla til noko mykje større, også i språket: det konkrete på peikar bestemt ut ei retning - i lufta, eit mål, noko utanfor oss sjølve.
På blir ei pil i lufta, eller eit anker kasta ut i framtida, festa i noko vi enno ikkje kan sjå. Når vi seier «på», legg vi ei usynleg handflate under draumen, som om framtida allereie kviler der – midlertidig, men verkeleg nok til at vi kan sanse og drøyme om henne.
På blir ei bru mellom augeblikket og det som ventar oss. Ein liten planke, ein lyd i språket – men i denne lidinge ligg heile spennet mellom det som er, og det som kanskje kan bli. Språket veit noko om oss før vi sjølve gjer det.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar