20260602

Frå Camilla Collet til Polen – skal Hulda Garborg ut i verda?

For nokre år sidan skreiv eg bok om Camilla Collett, kvinna som med rette vert omtala som den første feministen og moderne romanforfattaren i Noreg. Gjennom arbeidet med ho oppdaga eg ikkje berre eit forfattarskap, men eit heilt nettverk av kvinner som inspirerte, støtta og utfordra kvarandre på tvers av generasjonar. Camilla Collett vart ein viktig ven inspirasjon for den 30 år yngre Amalie Skram. Amalie vart so ein nær ven av den 16 år yngre Hulda Garborg. Hulda vart seinare ein nær ven av den 20 år yngre Sigrid Undset. Og no sit eg her i 2026 og skriv om nettopp den fjerde boka i serien "Eit år med Sigrid Undset." Av og til kjennest det nesten som om eg følgjer ein usynleg tråd gjennom norsk litteraturhistorie, der den eine kvinna peikar vidare mot den neste.

Då eg byrja arbeidet med Eit år med Hulda Garborg, hadde eg eigentleg ingen store planar. Eg ville berre sjå kva som skjedde dersom eg las, skreiv og publiserte ein tekst om Hulda kvar einaste dag gjennom eit heilt år, og å utfordra meg sjølb med å skrive på nynorsk. Det viste seg å vere eit prosjekt som fann langt fleire lesarar enn eg hadde våga å håpe på. Boka har no selt i over hundre eksemplar, og dei siste månadene har eg fått reise rundt og fortelje om Hulda sitt liv og arbeid på arrangement i Haugesund, på Bryne, i Asker og fleire andre stader. Eg har møtt engasjerte lesarar saman med Inger og Ørjan på Jæren, André og Miriam i Asker og ikkje minst saman med fantastiske Kathrine Gregersen, som har vore ein viktig samarbeidspartnar gjennom heile Hulda-året.

Kvar gong opplever eg noko av det same. Folk vert overraska over Hulda. Dei kjenner kanskje namnet hennar frå Arne Garborg eller frå bunadshistoria, men når dei høyrer om alt ho faktisk gjorde, vert dei slått av kor moderne ho verkar. Hulda var forfattar, journalist, dramatikar, kulturentreprenør, språkforkjempar, folkedansentusiast, bunadspioner og samfunnsdebattant. Ho var oppteken av kvinnefrigjering, kulturbygging og identitet lenge før desse omgrepa vart allemannseige. På mange måtar kjenner eg at vi framleis ikkje har oppdaga henne heilt.

Difor vart eg ekstra glad då eg nyleg fekk invitasjon til Nordic Talking Festival i Polen i september 2026. Invitasjonen kom etter tips frå Inger Undheim ved Nasjonalt Garborgsenter, og eg kjenner stor takksemd for både henne og alle dei som gjennom åra har arbeidd for å halde interessa for Hulda levande. Når ein sit åleine framfor datamaskina og skriv dag etter dag, er det lett å gløyme kor mykje slike prosjekt faktisk er avhengige av gode menneske rundt seg.

Invitasjonen til Polen har fått meg til å tenkje større enn eg har gjort tidlegare. Dei siste åra har vi sett ei aukande internasjonal interesse for nordisk litteratur og kulturhistorie. Sigrid Undset har fått mykje merksemd, og med rette. Men kva med Hulda Garborg? Kva om tida òg er inne for å løfte fram hennar historie for eit internasjonalt publikum? Kan norske forlag endeleg henta ho fram att? Ho har vært underkommunisert alt for lengje.

Då eg arbeidde med Eit år med Hulda Garborg, prøvde eg faktisk å selje inn ideen til Samlaget. Eg fekk høyre at tekstane kanskje passa aller best digitalt. Og kanskje hadde dei rett. For no sit eg og leikar med ein idé som eg aldri heilt klarer å sleppe: Kva om eg opprettar ei engelskspråkleg side med tittelen A Year with Hulda Garborg? Kva om eg publiserer éin tekst kvar dag på engelsk, etter same prinsipp som boka? Då kunne eg formidle Hulda til nye lesarar samstundes som eg omsette boka bit for bit. Dag for dag. Eitt lite stykke om gongen. Det er kanskje ein litt ADHD-prega arbeidsmetode, men erfaringa har lært meg at dei store prosjekta ofte vert til nettopp slik – gjennom mange små steg.

Målet ville ikkje berre vere å omsetje ei bok. Målet ville vere å gjere Hulda Garborg meir synleg utanfor Noreg. Kanskje finst det lesarar i Polen, Sverige eller Danmark som ville finne glede i historiene hennar. Kanskje finst det forskarar, studentar og litteraturinteresserte rundt om i Europa som ville oppdage kor viktig rolle Hulda spelte i nordisk kulturhistorie. Kanskje finst det eit publikum der ute som berre enno ikkje har møtt henne.

Difor spør eg dykk som les dette: Trur de det finst interesse for Hulda Garborg internasjonalt? Kjenner de til miljø, institusjonar eller samarbeidspartnarar som arbeider med nordisk litteratur, kvinnehistorie eller kulturarv? Og ville de sjølve følgt A Year with Hulda Garborg dersom eg sette i gang?

Eg tek imot alle råd, tankar og innspel med stor takksemd.

Og heilt til slutt: Takk til alle som har lese, delt, invitert, heia og hjelpt meg gjennom desse åra. Utan dykk hadde verken Camilla, Hulda eller Sigrid fått den plassen dei har fått i livet mitt. No ser det ut til at neste stopp vert Polen. Om alt går etter planen, håpar eg å ha med meg starten på A Year with Hulda Garborg i kofferten.

Vi får sjå kvar denne litterære stafetten fører vidare.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar