I 34 år dreiv Mathilde Stendahl Vest-Agder landbruksskule saman med mannen Lars, frå 1895 til 1929. Ho var bestyrerske, organisasjonskvinne og medbyggjar. Likevel er det berre Lars som har fått minnestein i hagen ved Stendahlbygget på Søgne gamle prestegård.
Med god hjelp frå arkivar Tormod Engebu ved Arkivsenter Sør har eg leita i kjelder etter Mathilde sitt liv – og berre det å finne ut kva dag ho faktisk var fødd, er eit lite detektivarbeid. Gravsteinen hennar seier 21. februar 1846. Folketeljinga frå 1920 held på 1850. Eit anna dokument fører opp 1851. Kyrkjeboka frå dåpen oppgir 17. februar 1847 – og det same gjer konfirmasjonen og vigselsregisteret. Kva som er rett, veit vi kanskje aldri heilt sikkert. Men at Mathilde var der, og at ho gjorde ein livsinnsats, det veit vi.
Mathilde – truleg frå Bærum – gifta seg 6. april 1892 med den (ca) 13 år yngre Lars Stendahl. Få år etter vart dei i 1895 tilsette som det første bestyrarparet ved den nye landbruksskulen på Søgne gamle prestegard. Året etter stod det nye internatet ferdig: låve, bustadhus, undervisningsrom – og det vi i dag kjenner som Stendahlbygget. Der budde Mathilde og Lars – saman med 23 mannlege elevar, ei husjomfru, ein gartnar og fleire tenestejenter. I eit og same bygg var alt samla: arbeid, kvile, mat og læring.
![]() |
Utdatert, hentet her: https://www.sogneinfo.no/index.php/ Fil:Stendahl,_Lars_(1863).png |
Det var Mathilde som organiserte hushaldet, losjien og det sosiale livet. Med det som ei kjelde omtalar som «godhjertelag og moderslig omsorg», skapte ho tryggleik og struktur i kvardagen. For mange elevar var dette første gong dei budde heimanfrå – og Mathilde blei ein slags husmor for ein heil generasjon unge menn.
Mathilde var ein samfunnsbyggjar, ho var ein aktiv forkjempar for å opprette ein praktisk jenteskule. I 1910 sat ho i komiteen under amtstinget som arbeidde med budsjettet for utdanninga – og få år etter kom husmorskuledrifta til garden. Då var det ikkje berre unge menn, men òg unge kvinner frå heile Agder som fekk læra bondeyrket. Mathilde elska óg praktisk arbeid. I 1896 drog ho og Lars ut saman med elevane for å plante skog på Moldbrokka. Dei hadde niste i kurv og kaffikjel med.
Tidlegare bonde og prestefrue Elise Bjørnson – som også hadde hatt ansvar for altervinproduksjon – hadde anlagt ein storslått kjøkkenhage og nyttehage ved garden. Ein kan sjå føre seg Mathilde, tre tenestejenter og etter kvart dei kvinnelige elevane, i arbeid mellom bærbuskar og åkerreiner – få meter frå internatet. Dei åt saman, arbeidde saman, song saman. Men i ei tid der kvinna skulle vere nummer to, blei hennar innsats berre delvis synleg.
Mathilde var aktiv langt utanfor tunet òg, ho reiste og ferierte. I avisene frå tida finn vi henne som kurbadgjest i Sandefjord og som bidragsytar i arbeidet for å verne prestegarden der Elisa hadde sett sin son Bjørnstjerne Bjørnson gifte seg med Karoline Reimers i 1858. Ho var engasjert, samfunnsbevisst – og gløymd. Lars fekk minnestein, festtalar og jubileumssider. Mathilde fekk få minneord – og ei grav med feil fødselsår. I dag ber bygget framleis deira felles namn: Stendahlbygget. Kanskje er det no på tide å løfte fram begge – Lars for det han utretta som lærar og leiar. Mathilde for alt ho bygde – med våkent blikk, varmt hjarte og eit liv viet til arbeid.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar