20250801

I dag har eg sendt "Eit år med Hulda Garborg" til forlag 📚

 

I dag har eg teke det store steget: trykt på send – og sendt manuskriptet til Eit år med Hulda Garborg til forlag. Det kjennest både stort, lettande og litt som Hulda sjølv skreiv for over hundre år sidan, då ho hadde levert eit bokmanus: «Eg sov som ein forbrytar natta før henrettelsen.»

Dette prosjektet har fylgt meg i eit heilt år. Boka er bygd opp som eit årshjul – dag for dag gjennom Huldas liv, der kvar dato tek utgangspunkt i eit dagboksnotat, eit brev eller ein artikkel ho skreiv. Det er ikkje ei klassisk biografi, men ei essayistisk, personleg og historisk vandring der fortid møter samtid. Ei bok du kan lese kronologisk – eller hoppe rundt i. 

Undervegs har eg hatt stor glede av og nytte av Arnhild Skre si prisbelønna biografi Hulda Garborg. Nasjonal strateg (2011), som har vore ein rettleiar og inspirasjon. Eg har òg vore i tett dialog med Nasjonalt Garborgsenter og besøkt både Asker Museum og fagfolk som kjenner Hulda sin arv frå innsida.

Hulda var for mange too much: for høgmælt, for politisk, for ambisiøs, for krevjande, for synleg. Men nettopp derfor er ho viktig. Ho bygde teater, bar målreisinga på skuldrene, kledde ein nasjon, krangla med dei mektige – og skreiv sjølv når ho trudde at det ikkje var noko å skrive. 

Eg har ikkje prøvd å vere nøytral – eg har prøvd å vere nær. For eg trur at kvinnehistorie må skrivast med både alvor og begeistring. No ventar eg – spent – på svar frå forlaga. Og eg håpar verkeleg at dette er starten på å gje Hulda Garborg den plassen ho fortener i norsk kulturhistorie.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar