20260112

Om bølgedalar, prestasjonsmodus og det som faktisk hjelper

Kjære Birgitte (eg skriv til meg sjølv ❤️ Takk for at du står på. Det betyr meir enn du kanskje veit. Du får framleis angstanfall. Men dei kjem sjeldnare enn før. Og det viktigaste du/eg har lært, er dette: det er heilt naturleg. Særleg framfor slike etappar der ein riggar opp, tek sats, legg mykje av seg sjølv i det som skal kome.

Eg hugsar ein gong eg høyrde kunstnar, leiar og konsertpianist Leif Ove Andsnes seie at han alltid måtte/må ned i ein bølgedal før ein konsert. At det er ein del av rørsla. Ikkje eit teikn på at noko er gale – men på at noko er viktig.

Når angsten kjem, er det ikkje store livsfilosofiar som hjelper meg. Det er heilt konkrete, nesten banale ting:

  1. Å minne meg sjølv på – igjen og igjen – at dette går over. Det har alltid gjort det.
  2. Å trykke pekefingeren hardt mot det eine nasaboret og puste roleg berre gjennom det andre. Langsammare enn kroppen eigentleg vil.
  3. Å sjekke pulsen. For ofte er han mykje rolegare enn det kjennest som.

Det hjelper å hente kroppen inn i røynda.

Og så det førebyggjande, det stille arbeidet:

Rutinar. Te. Lese. Tenke. Skrive. Kvar morgon, så langt det let seg gjere. Mestring i det små. Prosess framfor prestasjon.

For det er noko med dette:

Når ein har vore i maraton og prestasjonsmodus lenge, kjem det nesten alltid eit batterifall etterpå. Det er ikkje svakheit. Det er fysiologi. Og kanskje også sjel.

Så dette er eigentleg berre ei påminning – til meg sjølv, og til deg som les:

Ver snill med deg sjølv når kroppen seier ifrå.

Ikkje tolk alt som motstand. Nokre gonger er det berre bølgjer.

Kjærleik tilbake til deg. Og ja – du er framleis fantastisk ❤️🩷


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar